|
|
Identitet
og identitetskrise er ord som ofte vert nytta i ulike sammenhengar.
Ikkje vil vi påstå at strilane lir av mangel på
identitet, men det er vel ikkje å stikka under ein stol at betre
kommunikasjonar med Bergen, samt at strialandet dei siste åra
er blitt "invadert" av utflytta bergensarar, har ført
til at både språket og kulturen er blitt utvatna. I boka
"Stril med Smil" har forfattaren Jan Spurkeland nytta alle
dei ingrediensane som særmerkjer strilekulturen. Boka er skriven
på dialekt, og humoren i dikta er umiskjenneleg "strilsk".
Vi tek vel ikkje for hardt i når vi påstår at alle
strilar (og kanskje mange andre) vil kjenna seg att i det miljøet
som vert skildra.
Saman med teiknaren Kåre Eikeland som har illustrert boka,
har forfattaren klart å fanga det som kan reknast som særeigent
for strilane. Både forfattar og teiknar er strilar, og det
ville vel vera utenkjeleg at andre enn strilar skulle klara å
laga nettopp ei slik bok.
|
|