Arbeidsområder:
Relasjonsledelse
Relasjonskompetanse
Relasjonspedagogikk Nyhet
Endring/omstilling
Humor - Helse - Ledelse
Coaching
Kommunikasjon og samhandling
Kontflikthåndtering
Lagutvikling
HMS -
NÆRVÆRSLEDELSE

Overvakingssamfunnet

Kva kjensler får vi når vi passerer ein innsjekkingsport på flyplassen? Dei må vera blanda av ubehag, frykt og litt tru på at det nyttar å stoppe terror og galskap. Dessutan kjenner vi at dette ikkje er naudsynt i eit av verdas friaste og mest demokratiske samfunn. Og så veit vi det stoppar ikkje med dette. Snart skal identifikasjon , fingeravtrykk og personkjenneteikn, sikra at vi er den same personen frå kofferten er levert til vi går om bord. Heile tida må vi tenkja på at det er til vårt eige beste. Vi er tryggare di grundigare vi blir sjekka. Den dagen vi er heilt avkledde og strippa for alle mogelege gjenstandar i eller utanpå kroppen, kan kontrollørane klarere oss for ombordstiging. Kvar går grensene for overvaking, personkontroll og personvern i vårt samfunn?

Sist veke reiste eg med fly, tog og buss frå Vestlandet til Austlandet. Flyreisa gav meg ei oppleving av å vera skurk og potensiell terrorist. Tog – og bussreisa gav meg oppleving av det motsette - av å vera påliteleg, fri og god samfunnsborgar. Det var om lag same antal passasjerar på alle tre reisene. Ikkje såg eg skildnad på medpassasjerane heller. Påklednad og andletsuttrykk var ikkje meir skummelt på flyet enn på toget og bussen. Dei tre reisene varte like lenge og gav ingen uhyggjeopplevingar – det var berre det at innsjekkinga var heilt ulik. Kjensla av å vera respektert og betrudd var heilt ulik.

Vi er vanedyr – og godtek det meste
Vi venner oss til det meste. I det gamle Sovjet og andre regime vi ikkje vil samanlikna oss med, vart - og er dette daglegdags og folk finn seg i å bli overvaka døgret rundt. Dei reisande i Norge går inn i ein spiral av likesæle etter kvart som kontrollen vert stramma inn. Vi let oss kontrollera inn i ei gradvis utvikling mot mistruingssamfunnet. Det bur ein potensiell kjeltring, mordar og terrorist i oss alle. Det skal vi kjenna litt på kvar gong vi er ute og flyg. Men er bussen og toget også eit mogeleg terroristmål? Eller passasjerbåten, hurtigruta og andre transportdoningar? Om flykontrollen får samfunnsstatus som sikker transport, vil ikkje vegen vera lang til tog, båt og buss. Kan du sjå for deg same kontrollen på alle stoppestader for buss, tog og båt? Då må vi kanskje etablera ein reisebunad som er lett å demontera og trekkje av seg slik at kontrollørane kjem lett til – i hulrom og gøymestader. Vidare må vi ha eit sjekkebur eller ei sjekkesluse på kvar stoppestad. Her må alle inn og kroppsvisiterast og gjennomlysast før dei stig på. Då nyttar det ikkje å koma springande i siste liten. Tenk å stå i nettoen og oppleva at jobbussen din dreg av stad utan deg!

Eit kollektivt fengsel av kontroll
Bevegar vi oss inn i eit kollektivt fengsel av kontroll? Er det klokt av eit fritt demokrati å la seg skremme til eit galehus av kontroll? Ville det ikkje vera betre å stola på folk – slik heile etterkrigstida har lært oss å gjera. Dette har både etiske- og oppdragarsider som det er vel verd å sjå nærare på. Vil vi ha det slik at naboen ikkje er truverdig? Vil vi at ungane våre skal sjå ein forbrytar i kvar framand? Kva tryggleik vil vi at den oppveksande slekt skal ha med seg inn i framtida? Er vi meir garanterte mot terror om nokon har gjennomlyst oss før vi entrar eit transportmiddel? Skal vi leve vidare med den millirisikoen det er for at galskapen sit ved sida av oss? Etter eit langt reiseliv har eg enno til gode å sitja ved sida av galskapen. Derimot har eg treft mange hyggjelege medpassasjerar og truverdige reisande.

Galskapen reiser sjeldan
Vi tek risikoar i alle offentlege rom – og stundom i vår eiga stove. Slik har det alltid vore. Dagleg ser vi menneskje som vert påført skadar og ran i vårt trygge velferdssamfunn. Likevel er risikoen for at akkurat vi kjem ut for galskapen relativt liten. Galskapen har alltid vorte kontrollert av politi og psykiatriske sjukehus. Vi har levd bra med det. Taxisjåførar, bussjåførar og båtførarar har stort sett overlevd – nett slik pilotar har gjort.

Kva slags skrekkpropaganda er det som gjer at vi no trur vi skal fjerna restane av galskapen i samfunnet vårt? Det er skildnad på å sjå til at vi kjenner oss trygg – og at vi kjenner oss overvaka.

Om andre land kontrollerer seg til fattigdom og offentleg utryggleik må ikkje vi gjera det same. Kan vi ikkje snu medan tida er god. Det er nok no. Ikkje la skepsis, mistru , uro og angst få meir næring. Det gagnar ikkje eit folk som har dyrka fridomen.


Jan Spurkeland