Alle seks verktøya er knytte til fagbøkene mine og teorien i dei. Det er alltid nyttig å lese boka som verktøyet er knytt til, og deretter ta verktøyet i bruk.
Etikken i bruk og tolking av eit verktøy må ein alltid respektere. Alle verktøy er ikkje anna enn samtaleunderlag og eignar seg best til personlege eller kollektive refleksjonar.
Dei er laga for å hjelpe og for å klårgjere viktige organisatoriske og personlege spørsmål.
Dette er eit 360-graders digitalisert verktøy, med 70 utsegner som vil seie noko interessant om ein person sin relasjonskompetanse. Verktøyet er samansett av fire ulike målingar: eigenvurdering, kollegavurdering, eigen leiar si vurdering og medarbeidarvurdering (gjennomsnitt av minst fem medarbeidarar). Det utgjer til saman fire ulike vurderingar og profilar som ein kan leggje ved sida av kvarandre. Tolkingar av heile målinga bør ein gjere saman med ein kvalifisert konsulent. Eigenvurderinga åleine kan ein tolke sjølv. Meir informasjon får ein hjå forfattaren Jan Spurkeland (jspurkel@online.no).
Dette er eit verktøy som måler medlemmane si oppfatning av 14 ulike kvalitetsområde i eit lag. Verktøyet er veleigna til kartlegging av dei viktigaste elementa i eit lag – til saman 14 ulike kvalitetsområde i eit team. Det er berre medlemmane av laget som får evaluere denne kvaliteten. Verktøyet er eit digitalt registreringssystem som syner profil for den einskilde si oppfatning og profil for gjennomsnittet av alle medlemmane i laget. Meir informasjon finst i boka Relasjonskompetanse (utgåve 3) og i boka Relasjonell lagkvalitet, eller hjå forfattaren Jan Spurkeland.
Verktøyet er eit moderne konsept for å avløyse alle eldre versjonar av medarbeidarsamtalar. Det krev ei tilrettelegging og ein introduksjon av verktøyet som skal føre til ei friare form for samtale. Praksisvurderingar syner at konseptet er klokare enn mykje av det tradisjonelle innan vanleg praksis i medarbeidarsamtalar. Fagstoff om dette finn ein i bøkene Relasjonskompetanse (utgåve 3) og Relasjonell lagkvalitet. Meir informasjon får ein hjå forfattaren Jan Spurkeland.
Verktøyet er veleigna til rekruttering, bli-kjent-arbeid, leiarinformasjon, lagbygging og arbeid med arbeidsmiljø. Konseptet er presentert i boka Relasjonell lagkvalitet og krev ofte ein erfaren leiar av prosessen. Verktøyet kan erstatte personlegdomstestar og andre personalverktøy. Det gjev dialog og fridom til den som eksponerer fem ulike sider ved seg sjølv. Verktøyet har fått stor anerkjenning i Noreg og vert nytta i mange samanhengar. I skulen kan ein byggje klassemiljø, og i arbeidslivet kan ein byggje lag ved hjelp av dette verktøyet. Meir informasjon får ein hjå forfattaren Jan Spurkeland.
Verktøyet måler dei viktigaste faktorane i eit arbeidsmiljø. Det er eit av dei tydelegaste døma på det mest avgjerande og kan finne årsakene til sjukefråvær og helseskadelege arbeidsmiljø. Verktøyet måler fire område: R = relasjonar, A = anerkjenning, U = utvikling, S = stemning. RAUS har eit digitalt verktøy som syner styrkar og svakheiter i eit arbeidsmiljø. Det er kortfatta (20 utsegner) og lett å bruke for å treffe gode tiltak. Verktøyet eignar seg til regelmessig utsjekk av eit helseskapande arbeidsmiljø. Det er velprøvd i arbeidslivet gjennom fleire år. Meir informasjon finn ein i boka Prestasjonshjelp – eller hjå forfattaren Jan Spurkeland.